Kraftverk

Den 15. januar 2001 selde Fossane Minikraftverk sin første kilowattime til kundane sine.

Etter fleire år med planlegging og eit halvt aktivt år med byggjing stod det nye kraftverket på Fossane klar til bruk i gamle lokaler.

Det er ikkje ein ny idé å vinna straum ut av vassfalla på denne garden. I åra 1950-75 vart det drive eit kraftverk i same lokala, Vormedalen Elektristetsverk, som leverte straum til halve bygda på eige straumnett. Far til Kari Sørensen var tilsynsmann ved dette kraftverket.

I dag produserer dei to nye, asynkrone generatorane tilsaman rundt 150 kW som blir sendt ut på Lyse Energi sitt straumnett, og kjøpt av våre eigne kundar. Tilsaman med 1,3 GWh (1,3 millionar kWh) kan vi tilby straum til rundt 40 hushaldningar til ein konkurransedyktig pris.

Fossane grensar til fossen som er ein del av Tøtlandsåna, og eig dermed halve fallretten. Den andre halvdelen leiger me av 4 naboar på andre sida.

Tøtlandsåna, som er ein del av Vormo-vassdraget, er eit verna vassdrag, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sette vilkår for utbygginga. Til ei kvar tid kan ein ikkje bruka meir enn 15% av normalvassføringa som er 4200 l/s, og ein må alltid ha ei minstevassføring på 500 l/s.

På garden har me òg vedaskog som me utnyttar, og me har god og tørr bjørkeved til sals.