Bjødlandsfolgå

Bjødlandsfolgå vart flytta frå Bjelland garden til Fossane i 1996. Husa blei restaurert og tatt i bruk for gardsturisme. Tømmerveggane er rundt to hundre år gamle.
Bjødlandsfolgå har 6 senger i 2 soverom på andre etasje. Slik som dei andre husa, har det elektrisitet, vedovn, varmt og kaldt vatn, fult utstyrt kjøkken og baderom med dusj og toalett.

Det kvite huset Bjødlandsfolgå var følgehuset på garden Bjelland. Faren til Kari Sørensen, som dreiv Fossane til 2020, kom frå Bjelland. Huset blei flytta frå Bjelland i 1996. Det blei plassert på gamle tufter frå eit våningshus på Fossane og er grundig restaurert etter det.

RESERVERING OG PRIS