Fiske

Er du glad i å fiske? På Fossane kan du fiske i vatn, elv og fjord. Vi har alt i nærheten.

Det ligg i navnet til garden Fossane: her er det mange fossar, elver og vatn. Elva Vorma renn tett ved huset vårt og bind saman mange vatn i alle størrelser, frå dei minste hølane til vatn som er eit par kilometer lange. Me bur berre 4 km frå ein djup fjord, Jøsenfjorden. Me har båt og kano på vatnet og i sjøen.

Ferskt vann
Du kan vera sikker på å finna aure i alle desse vatna, frå dei minste på rundt hundre gram og opp til eit kvart kilo. Kanskje du får og røye og ål. Er du gjest på garden vår, kan du fiska gratis på vår eigedom i elva, innanfor eit visst område. Elles kjøper du fiskekort for store områder i nærleiken på Inatur

Laks
Det er også mulig å fiska etter laks. Ein kort gåtur frå garden er det ei rik lakseelv med ein årleg «haust» på over 1000 kilo laks. Ein finn òg sjøaure i elva. Les meir om korleis du får deg fiskekort http://www.tytlandsvik.com/). Laksesesongen startar 15. juni og er open ut august. Med dagskort og med litt flaks, kjem du heim med ein laks på fleire kilo i bagasjen. I nærleiken finn ein òg kjende lakseelver som Årdalselva (30 minutt køyring), Hålandselva og Suldalslågen (ca 1 time køyring).

Sjø
Me bur berre 4 km frå den djupe fjorden, Jøsenfjorden. Her er det gratis å fiska sjøfisk. Me har båt i sjøen.

Sjå her for meir informasjona om fisking i heile kommunen:
https://www.hjelmeland.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/friluftsliv/jakt-og-fiske/fiske/fiskekort/

Her kan ein fiska i vatn, elv og fjord .

Som namnet Fossane seier, er det mykje fossar, elver og vatn på garden vår. Elva som renn tett ved huset vårt bind saman mange vatn i alle storleikar, frå dei minste hølane til vatn som er eit par kilometer lange.

Du kan vera sikker på å finna aure i alle desse vatna, frå dei minste på rundt hundre gram og opp til eit kvart kilo. I tillegg er det mogleg å få både røyr og ål. Så lenge du er gjest på garden, kan du fiska gratis på vår eigedom innanfor eit visst område. Du kan elles kjøpa billege fiskekort for store områder i nærleiken. Me har og ein båt og ein kano på det næraste vatnet (300 m frå garden) som kan brukast gratis.

Det er og fullt mogleg å fiska etter laks. Ein kort gåtur frå garden er det ei rik lakseelv med ein årleg «haust» på over 1000 kilo laks. Ein finn òg sjøaure i elva. For omlag 100 kr dagen kan du fiska der, og med litt flaks, kjem du heim med ein laks på fleire kilo i bagasjen. I nærleiken finn ein òg kjende lakseelver som Årdalselva (30 minutt køyring) og Suldalslågen (1 time køyring).

Me bur berre 4 km frå ein djup fjord, Jøsenfjorden, kor du kan fiska sjøfisk. Viss du ikkje har flaks der, kan du prøve deg i munninga av fjorden i kommunesenteret Hjelmeland.