Bli kjent med oss

Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers flytta med døtrene Juul og Noor frå Nederland til Noreg i 2006. 1 mai 2020 har dei overtatt garden på Fossane.

Jonebloggen er det skrevet litt meir om bakgrunnen til dette nye eventyret.

Her presenterer vi alle som er på Fossane:

Det er Janneke som stortsett tar deg imot når du kjem til Fossane. Eg er litt sånn altmuligdama. Ho har jobba innan biologi, turisme, kulturbransjen, og på Ryfylkemuseet. For tida har ho ein jobb-pause for å fokusera fullt og heilt på Fossane. Janneke er vokst opp på gard i Nederland der me hadde melkekyr. Ho er lett å finne mellom sauene eller i hønsehuset, i ein av hyttene, i hagen eller bak pc-en. Janneke er glad i besøk som kjem til garden. Om det er gjester til hyttene eller kaffibesøkande. Velkommen skal alle vera!

Martijn er kraftverksjef på Fossane. Martijn sørger for at garden og utleiehyttene forsynes med fornybar strøm frå kraftverket vårt. Han følger nøye med på vannstanden i elva. Martijn har ein doktorgrad i biologi og underviser på nettskolen. Er han ikkje på heimekontoret sitt finn du han bak slåmaskinen eller ein plass rundt huset med redskapskista i hendene. Eller så ligg han på knærne for å utforske ein plante som han nettopp har funnet.

Juul er eldste dattera vår som studerer til å bli lærar. Når ho er heime er ho gjerne med som vertskap og svarer deg på alt du måtte lura på. Kan henda ho tar deg med på ein spontan tur i Hjelmelandsheiene.

Noor is our youngest daughter. She just began her studies in Nijmegen in the Netherlands. When she is at home at Fossane you will find her in a boat on the lake or in the grass with our dog Vikki.

Vikki er hunden vår som altid går rundt på garden. Ho er veldig glad når folk kjem til Fossane og ønsker alle hjertelig velkommen med logring. Ho blir heilt sikkert vennen din dersom du gir ho ein klapp eller to.

Vår katt Malin har vært med oss i 12 år nå. Malin er ein fin, liten og skjønn skogskatt. Du finn ho ofte i nærheten av huset vårt. Er ho ikkje på jakt så finn du ho i korga for å sove eller i nærheten av matskålen. Malin liker klapp og er glad i mennesker.

I starten av juli kom det 4 høner og ein hane til Fossane. Hanen er fin og han er flink til å passe på hønene. Innimellom syns han at matmor er litt skummel. Men steg for steg blir han meir vane med den nye buplassen. Hønene gir oss egg kvar dag. Det setter vi pris på.

På Fossane har vi sauer. Sauene er i fjoset, ute på beite rundt garden eller på fjellet. De er søte og små når de blir født og store og feite etter ein god sommar på fjellet. Det blir det godt lammekjøtt av.